Store Norske Skriftkompani
Norsk / English



Store Norske Skriftkompani distribuerer font-lisensar. Dei fleste av skriftene har ei spesifikk tilknytning til Norge eller norsk kultur. Meir informasjon om kvart enkelt skriftsnitt, finn du i Skriftprøver og informasjons-dokumenta på hovudsida. Distribusjonen vert styrt av BAAT AS, som har hovudsete i Volda.

Viktig å vite:
1. Ved å gjennomføre eit kjøp, samtykker du til Sluttbrukarlisensen (EULA).
2. Velg lisens utifrå storleiken på selskapet som skal nytte skrifta.
3. Prisane oppgitt er eksl. meirverdiavgift. MVA blir lagt til i kassa.
4. Ved å nytte denne nettsida, godtek du bruk av informasjonskapslar.

På nettsida distrubuerer vi berre lisensar til bruk på skrivebord og nett, for selskap med opp til 50 ansatte. Kontakt lisens@skriftkompani.no for lisensar for annan type bruk, eller for selskap med fleire ansatte. For andre spørsmål kontakt: post@skriftkompani.no

Vi bryr oss om kva skriftene våre vert nytta til, og kva dei vert assosiert med. Difor krev nokre typar bruk, som til dømes i politiske kampanjar, særskilt skriftleg løyve. Full oversikt av brukarvilkår finn du omtalt i Sluttbrukarlisensen (EULA).

Kassa
Påsjå at du fyller inn korrekt informasjon i kassa. Bruk «Shipping Address» til å føre namn og adressa til selskapet som skal nytte skrifta, og «Billing Address» om nokon andre skal betale for lisensen. Bestillingar med mangelfull informasjon vert sendt til manuell evaluering. Manuell evaluering vert utført vekedagar mellom 09:00 and 17:00 norsk tid. For Norske kundar er det òg mogleg å betale med Vipps eller faktura. Gjer dette ved å bestille via epost.

Font-leveranse
Font-filene vert levert til epost-adressa oppgitt i kassa.


Baat AS
Org. nr. 823 404 042 MVA
Nylenda 14
6104 Volda
Norge

© 2020