En opprettholdelse av Matias Faldbakken på Johan Nygaardsvolds plass i Oslo

«En opprettholdelse» (2026) © Matias Faldbakken / BONO. Foto: Niklas Hart / KORO.

Skrift for 22. juli-minnesmerket – Spesialteikna skrift for det nasjonale minnesmerket etter 22. juli på Johan Nygaardsvolds plass i Oslo

Det nasjonale minnesmerket etter 22. juli på Johan Nygaardsvolds plass

Det nasjonale minnesmerket etter 22. juli står på Johan Nygaardsvolds plass, der det nye regjeringskvartalet møter 22. juli-senteret. Verket «En opprettholdelse» er bygd rundt den store stålriggen som opphavleg vart laga for å skjere ut og flytte Picasso-verket «Fiskerne» frå den rivne Y-blokka til den nye A-blokka i regjeringskvartalet.

I minnesmerket er denne konstruksjonen reist opp att. Han held ein stor steinmosaikk, laga etter ei teikning av ein liten vadefugl frå Utøya og Tyrifjorden. På den nedste stålbjelken står namna på dei 77 menneska som vart drepne i terroråtaka.

Ei spesialteikna skrift for minnesmerket

Skrifta er teikna særskilt for minnesmerket. Forma byggjer på skrifter som tradisjonelt er brukte i norske minnesmerke. Formene er rolege og klare, med smale proporsjonar og moderat skilnad mellom tynne og tjukke strekar. Freseverktøyet rundar av dei innvendige hjørna i bokstavane og gir dei noko av den same direkte og fysiske karakteren som konstruksjonen dei er ein del av.

Namn og alder freste fram på den nedste stålbjelken

Namna og alderen er freste fram på oversida av den nedste stålbjelken. Dei er fordelte på fem felt som går langs heile breidda av verket. Ved kvart namn er det eit hol i stålet, der ein blom kan setjast ned.

Støypte plakettar i bakken ved sida av verket

Den same skrifta er nytta på to støypte plakettar i bakken ved sidan av verket. Dei fortel om hendingane 22. juli, på norsk og engelsk.

Bilete av skrifta blir lagde til når minnesmerket opnar for publikum.

Kunstnar: Matias Faldbakken
Arkitekt: Ingrid Steen-Chabert
Skriftteikning og typografi: Arve Båtevik
Ansvarlege institusjonar: KORO og Statsbygg
Mosaikkproduksjon: Fantini Mosaici
Stålproduksjon og entreprenør: Byemark Stål
Fresing av namn: Fredrikstad Motorfabrikk
Støyping av plater: Ulefos

English version: 22 July Memorial Typeface.

Tilbake til Spesialteikna skrifter.

En opprettholdelse sett ovanfrå på Johan Nygaardsvolds plass i Oslo

«En opprettholdelse» (2026) © Matias Faldbakken / BONO. Foto: Niklas Hart / KORO.